Det er mykje å gjere når ein har ein heil gard! Det er rydding av skrot, sortering( -noko av skrotet er slett ikkje skrot), rydding av tre og kratt og ugras, oppussing av hus, riving av løe osb osb osb. Og no er det våronn. Og alt er ikkje like enkelt når ein ikkje har driftsbygning, og huset ikkje er heilt på stell. Førebels har me berre kaldvatn i krana, og ikkje avløp. Utedo. Men no har me i allefall vaskemaskin. Avløp i slange rett ut ytterveggen. Veggen må skiftast uansett. Men kor om alt er; me trivst. Heile gjengen. Me, ungane, hundane, -og Nellygrisen gliser og frydar seg, der ho spring omkring, fri som fuglen. Og me held på og held på og held på, og så inderleg nøgde med alt!
Me kløyver ved til det renn over.
Mykje sølvbunke og noko lyssiv. Men me jobbar med saka. Plana er å hesje på desse bøane i sommar.
Smie med vognskjul over. Fint lite hus i relativt god stand
Fram med det gamle golvet og tømmerveggar.
Her har me teke av alle plater, men golvet ligg der framleis. Det vert vel til at me sparklar og maler både vegger og golv, og så må me finne nokre fine lister.
Golva på loftet er desverre limt, og under der er det ein forferdeleg avrettingsmasse. Minst to dagsverk å få det vekk. Men golvet under er fint.
Dat fulgte mange fine ting med garden. Slikt som dette. Elles hadde heile huset huntonittplater, slik som her. Men bakom synger skogene...