I dag har eg gjort rare ting. Med son min som medhjelpar, har eg tapet meg sjølv inn, for å lage ein kloning av meg sjølv. Dette var noko eg kom på etter å ha søkt på nettet etter prøvedokke og funne ut; at dei både er dyre i innkjøp, og har ein utsjånad som ikkje harmonerar med prisen. Så fann eg "oppskrifta" på korleis ein sjølv, saman med ein medhjelpar, kan lage seg ei prøvedukke tilnærma lik seg sjølv. Ei slik oppskrift kan du sjå her. Så kjøpte eg gaffatape i store menngder på Biltema og i dag sette eg i gang. Eg har ikkje bilde av seansen av opplagte grunnar; me var for travle med å gjere det me skulle. Dessutan var det litt klaustrofobisk mot slutten, så då ville eg berre verte ferdig! Etter at son min til slutt hadde klipt meg ut av mitt lille fengsel, stappet eg innmaten av tre puter inni, og tapet igjen åpningane til halsen, armene og rumpa. Det var vanskeleg å unngå at forma vart vedlig rund. Eg er nok litt flatare i kroppen enn denne prøvedokke, men storleiken er nok omlag den same likevel. Dvs eg måtte slite litt dor å kle på henne blusen på bildet, og den går då lett nok på med, så ho er nok litt større enn meg. Ho vart nok óg litt rundare i ryggen enn eg er, og litt meir rund på brystet under halsen. Skulderavslutningen mot armane vart heller ikkje heilt bra, med skit óg! Tilslutt tok eg ventilen med litt slangestoff rundt frå ein øydelagt sykkelslange, med ein del av strengen frå ei renseribøyle tredd nedgjennom, og tapet dette fast øvst på halsen, slik at torsoen kan hengjast opp.
Medan eg no er i gang med å vise nye Olli & Olliverdesign, kan eg vise min nyaste tunika, sjølv om han ikkje er på prøvedokka, men heng i motlys i stoveglaset. Det fine med det er at sømmen på baksida visar då. Blusen over er ikkje noko nytt design, berre ei lita endring av eit gamalt design, det same som her , berre med større utringing og mindre stoff i ermene. Legg merke til detaljene nederst på ermene.