For nokre år siden, medan eg var arkitektstudent og på studietur i Berlin, rota eg meg inn på tyskaranes svar på Fretex, og fann denne vesle dokka. Det som appellerte til meg var det typiske aust-tyske uttrykket. Kan ikkje setje fingeren på kva det er, men det er der, klårt og tydeleg. Ho hadde nokre skitne syntetiske filler på seg, og var skikkeleg skiten sjølv og, og eg måtte berre adoptere henne straks! Åååå! SØT!
Då eg kom heim, vart ho vaska og ho fekk nye klede. Ho har fått ein heil garderobe etter kvart, og har vorte leika med av jentene (under mor sine årvakne auge og ditto formaningar).
Som de ser er kroppen av tynt bommullsstoff, stoppen er bittesmå skumgummibitar(sic!), og eg har måtte reparert både her og der. Ikkje veldig lett å reingjere akkurat. Hovudet er av plast, og håret er fuskepels som berre er limt på. Likevel er dette verdas finaste dokke!