Kom over ei japansk bok på sal i haust, og den inspirerte den yngre garde til filtarbeid i fin stil. Me skjønar ikkje noko av det som er skreve i boka, men kva gjer det når illustrasjonane er nok. Det var mønster på mykje rart, fra muffins og brød til kassa-apparat, men Hjertrud, 10 år, ville laga hummar. Kanskje heng det saman med at ho vil bli kokk? I alle fall. Hummar vart laga. Eg hjalp til med følehorna, elles fiksa ho alt sjølv. Kjempeflink, spør du meg. Men eg er vel inhabil, stolt mor som eg er...
Flink jente!
Posted by: kirsti | April 08, 2010 at 09:18 AM
Så fin. Kvar kom du over den boka. Den ser perfekt ut for dei yngre i min heim.
Posted by: MagFly | April 08, 2010 at 11:07 AM
På Vestlandsdrakten i Marken(Bergen).
Usikker på om de har den fortsatt, men de har kanskje lignende bøker?
Posted by: olli | April 09, 2010 at 10:06 AM