Biene lokkast av sola, men ups! Så kaldt! Dei flyg nokre meter og lammast av kulda, og endar si livsferd på kald og kvit snø. Men inni kuba, ligg dei andre biene, og midt mellom dei; dronninga, og dei ventar og ventar på at endeleg ein dag skal ei speidarbi kome levande att frå sine undersøkelsar, og vifte med vengane og seie, - det er vår! Undertida nyt me vinteren, me som toler han!
Comments