Tok turen innom gjenbruksstasjonen på fredag, og fann ein einaste liten ting som eg kunne sjå noko potensial i. Ein skikkeleg stygg lampeskjerm, som var surra med brente band. Men skjelettet var fint. Eg fjerna all tekstil frå skjelettet og surra så med eit rundstrikka bånd eg hadde liggande, det passa perfekt til formålet. Skjermen var sekskanta og eg laga to stoffdelar (la skjelettet ned på matpapir og teikna ein mal først), difor surra eg ringen oppe og nede, pluss to spilar med band. Då kunne eg sy fast dei to stoffdelane.
Først sydde eg den eine stoffdelen på (som for øvrig er av ein Cath Kidstone koppeduk), og så den andre over. Til dette arbeidet trengs det eit fingerbøl på kvar langemann.
Hei,
så utrolig masse inspirerende du har å vise. Hit må jeg komme tilbake ofte.
Takk for titten.
Hilsen Sol
Posted by: Sol | March 04, 2009 at 09:30 AM