Det viste seg at bilda var boksider, og difor hadde dei nokre overraskande baksider. Me likte dei betre, Hjertrud (9 år) og eg, difor brukte eg dei i staden for dei opprinnelege, som var litt blasse, tykte me.
Korleis eg gjorde det: Eg har laga ein liten vegvisar, slik i tilfelle nokon vil prøve seg, og treng nokre gode startråd. Eg trur bilda ovanfor forklarar det meste, men eg kan no forklare i tillegg (hvis du trykker på bilda vert dei større). Som de ser brukar eg limstift. Limstiften er min gode ven, han kan brukast til mykje meir enn å lime papir. Men det er viktig at han er av den klistrete sorten. Det finnst nokre på markedet som ikkje er det, ma.-exp glue stick, så IKKJE bruk han, då kjem det til å enda med gråt eller banning, eller begge delar. Bruk heller ein vanleg Scotch, eller ein Epix som eg brukte på dette prosjektet. Det går ein god del lim, så ha gjere fleire stiftar på lur. Det er og viktig å ha ein fuktig klut for handa, slik at ein heile tida kan tørka lim av fingrane, eller andre stader. Elles treng du ei fyrtikk til å hjelpe limen med å komme til inni hjørna, saks, og gjerne ei lita kvass ei, for å finklippe hjørna medan du held på. Til slutt treng du ein brei tape til å lime bakpappen fast til ramma etter at glaset og bildet er komme på plass.Og så treng du sjølvsagt eit stoff som passar formålet. Det er ikkje lurt å bruke tjukt stoff, då kan det vere det ikkje vert plass til glaset inni ramma.
Etter du har sjekka at du har alt du treng, byrjar du med å leggje bildet oppå stoffet. Så tegnar du rundt. Det er lurt å vere nøye, då vert resultatet best. Bruk linjal. Ta mål av rammelista, for å finne ut kor mange cm stoff du treng å sette av på inn- og utsida av ramma. Jo breiare ramme, jo meir stoff, sjølvsagt. Er listene profilerte går det endå meir stoff. Vert det for mykje derimot, må du klippe i etterkant, og då vert det mykje trådfluss. For ein fin finish, er det lurt å klippe trådbeint, så ikkje kantane frynsar seg, det skjer lett når det er lim med på laget.
Når du har klippet ut stoffet, tek du lim på framsida av ramma og legg ho ned på baksida av stoffet. No kan du stramme stoffet lett opp, så det ikke heng ned midt i ramma. Pass på at du ikkje dreg meir i stoffet på ei av sidene, for då kan eit ev mønster verte skeivt på framsida. No klipper du ut holet i midten, og så klipper du eit snitt inn mot alle hjørna, både på inn- og utsida. Lim inntil den innerste sida først, og så yttersida, slik vert resultatet på framsida best, om du er oppteken av det. På det fjerde bildet ser du at du klipper vekk ein trekant i kvart hjørne, og den brukar du til å fore innsida av hjørnet, som elles ikkje vert dekt av stoffet du brettar rundt. Dette er sjølvsagt ikkje nødvendig, men det vert finast slik. Det kjem ikkje til å visast på framsida, men det gir likevel den gode kjensla av at arbeidet er perfekt.
Du ser på bilda korleis du gjer det i hjørna. For eit godt resultat i hjørna, bruker du den lille kvasse saksa og let limen få hjelpe til. Ikkje ta lim på meir enn det du arbeider med der og då, elles vert det lett mykje lim på fingrane, og vanskelegare å arbeide. Er det ei hempe til oppheng på ramma klipper du berre eit lite snitt til ho, og pressar hempa gjennom.
Til slutt: Hvis du held på med fleire "like" bilde samtidig, pass på at du merkar kva glas som høyrer til kva ramme. Dei er aldri heilt like, og det er ikkje sikkert alle glasa passar i alle rammene. Det er lett å gløyme å tenkje på. Og; - det er ikkje dumt å pusse glaset på begge sider før du monterar det i ramma.
God ide og fint gjort! Minner meg om fordums dukehjørnepressing! Hva er forresten den megafluesoppen i en noe uvant målestokk?
Posted by: kirsti | March 11, 2009 at 08:34 AM
Artig måte å friske opp rammer på. Og jeg er enig i at baksidene var finere. :o)
Posted by: Mimouna | March 13, 2009 at 03:55 PM